Skarv feltet

Feltoperatør: 
Funndato: 
03.05.1998
Produksjonsstart: 
01.01.2013
RettighetshavereAndel
36.16 %
28.08 %
23.84 %
11.92 %
Utvinningstillatelser/business areas: 
Opprinnelige utvinnbare ressurser
13,9 millioner Sm³ olje
44,5 milliarder Sm³ gass
5,4 millioner tonn NGL
0,0 millioner Sm³ kondensat
Gjenværende utvinnbare ressurser
11,7 millioner Sm³ olje
41,5 milliarder Sm³ gass
5,0 millioner tonn NGL
0,0 millioner Sm³ kondensat

 

Utbygging: Skarv ligg om lag 35 kilometer sørvest for Nornefeltet i nordre del av Norskehavet. Havdjupet i området er mellom 350 og 450 meter. Utbygginga er ei samordning av førekomstane 6507/5-1 (Skarv) og 6507/3-3 (Idun). Førekomsten 6507/5-3 (Snadd) inngår i Skarv, men er førebels ikkje ein del av utbygginga. Utbyggingsløysinga er ei flytande produksjonsinnretning (FPSO) knytt til fem brønnrammer på havbotnen.

Reservoar: Reservoara i Skarv inneheld gass og kondensat i sandstein i Garn-, Ile- og Tiljeformasjonane av mellomjura og tidlegjura alder. I Skarvførekomsten er det også ei underliggjande oljesone i Garn- og Tiljeformasjonane. Garnformasjonen har god reservoarkvalitet, medan Tiljeformasjonen har relativt dårleg kvalitet. Reservoara ligg på 3300-3700 meter djup og er delt opp i fleire forkastingsegment.

Utvinningsstrategi: Dei første åra planlegg ein reinjeksjon av gass i Garn- og Tiljeformasjonane for å auke oljeutvinninga.

Transport: Olja blir bøyelasta til tankskip, medan gass blir eksportert via eit 80 kilometer langt røyr som er knytt til Åsgard Transport.

Status: Produksjonsskipet blei ferdigstilt og installert på feltet i august 2011. Boring av produksjonsbrønnar tok til i 2010, og produksjonen starta seint i desember 2012.